Nyhende
Vestlandsforsking har i 2025 utført ei større utgreiing for Sognarådet om mogelegheiter og tolegrenser for reiselivet i Sogn. No er hovudrapporten og notata frå studien klare.
Vestlandsforsking har det siste året kartlagt tilstanden i reiselivet i Sogn på oppdrag frå Sognarådet. Visit Sognefjord inviterte nyleg til arbeidsverkstad basert på Vestlandsforsking sine funn.
– Vi har teke temperaturen på kommunane i regionen, og sett at den er høg i visse område, til dels veldig høg, seier forskarane bak studien.
Denne veka reiser Kristin Løseth og Agnes B. Engeset til Bornholm for å halde innlegg for andre nordiske forskarar om to svært aktuelle tema i norsk samanheng: innbyggarars syn på cruiseturisme, og korleis klimaendringar påverkar fjellturismen.
Han har ein fot i reiselivet og ein i forsking og utvikling. Det er eit godt utgangspunkt for å vekke merksemda til reiselivsstudentar.
Høgskulen på Vestlandet startar opp eit nytt forskingsprosjekt om framtidig utdanning og kompetanseheving i turistnæringa. Prosjektet tek for seg ei utfordring som finst i fleire land: korleis ein kan skaffe nok kompetent arbeidskraft til reiselivet.
Talet på turistar ved enkelte norske reisemål kan til visse tider toppe seg, og lokalsamfunn med stor tilstrøyming opplever at visse grenser blir nådd i høgsesongen. Agnes B. Engeset snakka nyleg til nasjonalparkkommunane om tolegrense-tematikk.